Abaixo está a letra da música Draumen , artista - Glittertind com tradução
Texto original com tradução
Glittertind
Det var natt,
og du låg og såg i taket.
Og du tenkte du må ut —
Det kan hende det er noko
du har gløymt —
Og at alt ikkje er ondt
slik du har drøymt.
Så du gjekk,
ut og dreiv omkring i skogen.
Då med eit så fekk du sjå -
Ein himmel opna seg
så klår og rein —
Og våren lo til deg
frå kvar ei grein.
Han sa: Per, å, du Per,
Å hei, og hopp!
— og er du no der!
Og kjenner du ikkje,
ikveld, ikveld,
På eit strå,
så kraup ei lita larve.
Og du tenkte det var deg —
Kvifor byrjar alt det vakre
i det små?
Kvifor vere blind for alt
når du kan sjå?
Så du drakk,
ut av duft frå gras og blomar.
Og du blåste frå din barm —
Alt det skrotet og
det skrapet frå ifjor —
Det tok vinden opp
og vifta så det fór.
Han sa: Per, å, du Per,
ko-ko, titt-titt!
— og er du no der!
Og kjenner du ikkje,
ikveld, ikveld,
Ja, du Per, å, du Per,
Å hei, hurra!
— no er han her!
Og det kan han kjenna
ikveld, ikveld,
at livet, det er no det likaste lell!
Músicas em diferentes idiomas
Traduções de alta qualidade para todos os idiomas
Encontre os textos que você precisa em segundos