Etter stormen - Glittertind

Etter stormen - Glittertind

Альбом
Himmelfall
Год
2017
Язык
`norueguês`
Длительность
269420

Abaixo está a letra da música Etter stormen , artista - Glittertind com tradução

Letra da música " Etter stormen "

Texto original com tradução

Etter stormen

Glittertind

Etter stormen såg eg ingenting

Ingenting av alt eg såg

Etter stormen dreiv eg rundt i ring

Og undra på kor landet låg

Etter stormen blanke auge bar

Himmelen så rar og bleik

Etter stormen fann eg ingen svar

Viljevarden visna veik

Eg kom drivande som båt i brann

På dei blåe bylgjer knust i strand

Eg drøymde ein draum

Eg trudde var sann

Eg livde eit liv

Som forsvann

Etter stormen reiv ut ryggen min

Såg eg ingen slott som skein

Etter stormen ingen glitretind

Såg eg ingen himmelheim

Eg var 'kje klar for denne kalde jord

Eg var 'kje klar, eg hadde ingen ord

Eg drøymde ein draum

Eg trudde var sann

Eg livde eit liv

Som forsvann

Eg ville flyge langt derifrå

Ut til allheimen den blå

Eg virra rundt i ein ynskjebrunn

Og lengta etter mysterium

Sjå verda spinn bak det kvite-grå

Med alle skapningar på skrå

Me virrar rundt i ein ynskjebrunn

Og lengtar etter mysterium

Eg var 'kje klar for denne kalde jord

Eg var 'kje klar, eg hadde ingen ord

Eg drøymde ein draum

Eg trudde var sann

Eg livde eit liv

Som forsvann

Mais de 2 milhões de letras

Músicas em diferentes idiomas

Traduções

Traduções de alta qualidade para todos os idiomas

Busca rápida

Encontre os textos que você precisa em segundos